Fair play er grunnfjellet i fotballen sine verdiar og skal gjennomsyra alt me gjer på alle nivå. Fair play
handlar om det som skjer på og utanfor bana.
For å ha kontinuerleg fokus og systematikk i arbeidet
skal klubben ha ein plan for Fair play-arbeidet. Fair play-ansvarleg har det overordna ansvaret for
utvikling, planlegging og gjennomføring av Fair Play-aktivitetar i Hausvik FK. Denne skal sørge for at
klubben sine aktvitetar når det gjeld Fair Play vert utvikla, forankra og gjort synleg mot eigne medlemmar,
lokalmiljø og sponsorar.