Kampverten si hovudoppgåva er å syta for at kampen vert ei god oppleving for spelarane.
Å spela kamp er eit høgdepunkt for både store og små! Hausvik FK arbeider for at kampane skal ha trygge rammer som gjev gode opplevingar for alle involverte – både spelarar, trenarar, foreldre og dommarar.
Kampverten har ei sentral rolle på heimekampar og er klubben sitt ansikt utad i kampsamanheng. Oppgåva som kampvert vert gjort på omgang av foreldra.
Kampverten sine oppgåver:
Før kampen
- Sjekka at garderobar, bane og mål er i orden
- Ynskja velkomen til begge lag og dommar
- Oppmoda tilskodarane om å stå på motsatt side av laga og godt utanfor sidelinja.
- Bistå heimelaget sin trenar i å gjennomføra Fair play- møtet
- Bistå i å organisere Fair play-helsing før kampstart
- Ha kunnskap om kvar klubben sin hjartestartar er og ha telefon tilgjengeleg.
Under kampen
- Støtte dommaren og sjå til at reaksjonar mot dommar er rimelege
- Prate med dommar i pausen
- Oppmoda til gode og positive tilrop frå foreldre, og ta kontakt om nokon går over streken
- Sjå til at alle tilskodarar held seg to meter unna sidelina
- Oppmoda til positivitet frå trenarar/lagleiarar, både mot spelarar og dommarar
Etter kampen
- Bistå i å organisere Fair play-helsing
- Takker begge lag og dommar for kampen
- Sjå til at det vert rydda rundt bana etter kampslutt